Om oss
Om Gløde og Glødegarden
Gløde AS sitt formål er arbeidsinkludering, kompetanseformidling og verksemd i samband med dette. Gjennom arbeid og tenester har vi som målsetjing å styrke den enkelte sin moglegheit til sjølv å nå måla sine. Målgruppa er personar som kan ha behov for avklaring, arbeidstrening, opplæring og hjelp til å komme ut i ordinært arbeid, eller personar som treng varig tilrettelagt arbeid. Glødegarden er ein arbeidsarena for arbeidstakarar i Gløde som treng ekstra tilrettelagt og tett oppfølging. Tiltaket er eit kommunalt finansiert tiltak. Gardsarbeid som arbeidsarena bygger opp under bedriftsfilosofien vår:
|
Omfang/Arbeid
Garden vert brukt mandag til fredag frå kl.09.30-14.15 gjennom heile året. 7-8 deltakarar (kommunale tiltaksplassar) Skuleelevar frå vidaregåande skule med ekstra tilretteleggingsbehov kan også søkast inn for avklaring her. 3-4 arbeidsleiarar er til stades kvar dag. Alle møter opp og har garderobe på Gløde i Havnevegen 15, Frekhaug |
Gløde har som mål å utvikla tilbodet
Vedlikehald av bygg Garderobe, kontor, spiserom Betre toalettfasilitetar (fortrinnsvis vannklosett) Betre tilkomst - funksjonshemma – rampe, tilpasningar Ta ut meir ved Nytt hønsehus Drivhus – 20-25 kvm Starte med bær- og fruktdyrking |